Jordskokk er ein av dei litt rare grønsakene ein kanskje ikkje har noko forhold til. Dei ser litt ut som ein blanding av ingefær og potet, og smakar søtt og litt nøtteaktig. Det er kjempegodt med stappe av jordskokk, og det er kjempegodt med suppe. Og i dag vart det altså suppe.
Denne suppa er ei av dei beste eg veit. Eg liker godt mat som er veldig gode og veldig enkle. Med denne suppa finst det ingen fallgruver. Eg trur ikkje du KAN gjere noko feil. Og så er det godt kvar gong.
Til middag til to svoltne og så til lønsj til to dagen etter:
Suppa:
- 4 faste jordskokkar, utan skal og i biter
- 2 middels store poteter
- 4 kvitlauksfedd
- grønsaksbuljong
- 5 dl vatn
- 1 dl mjølk
- 2 dl fløyte
- olje til steiking av kvitlauk
- salt og peppar
- ein dæsj sitron
- ein kvist rosmarin
- finhakka vårlauk
- sopp i skiver
- smør til steiking
Finhakk og steik kvitlauken, og hell mjølka og vatnet og buljongterningen oppi. Ha oppi ein kvist rosmarin. Skrell jordskokkane, eller børst dei godt så skalet forsvinn. Hugs at mykje av smaken ligg tett innføre skalet, så ver så forsiktig du berre kan. Del dei i biter. Jordskokk blir brun og stygg ganske kjapt viss han får ligga utan skal, og difor kokar ein dei i vatn med mjølk i. Ha jordskokkane difor rett i mjølkevatnet etter du har delt dei opp. Skrell og del potetene på same måte og ha dei i gryta. Sleng oppi ein buljongterning og kok til alt er møyrt. Ta så opp rosmarinkvisten før du blender suppa glatt.
Mos så alt med ein stavmiksar eller blender, før du har oppi resten av det som skal i suppa. Viss du har ein skvett kvitvin ståande og slenga kan du ta oppi litt. Me har ikkje så ofte det, men det er altså fint i suppa:) Hald suppa varm medan du lagar pynten.
Varm smør i ei panne til det blir ganske varmt. Ha så i soppen og la han verte fint brun. Ha på litt salt og peppar. Ha soppen, vårlauk og litt timian på tallerkenen og server. Det er altså så godt.
2 tankar på “Jordskokksuppe”