Peanøttsmør er liksom heilt glimrande. Og himla enkelt. Og utruleg godt. Og så er det jo sunt og. Og det er raskt å laga. Du kan jo godt laga ein god del når du er i gang, det er ikkje som at det er meir arbeid akkurat. Dette held til eit av dei små syltetøyglasa frå Nora.
Du treng:
- 250 gram peanøtter
- salt
Rist peanøttene i fem minutt på 170 grader, eller til dei vert gylne og luktar fabelaktig. Kor lang tid det tek avhenger sjølvsagt av om du har brukt rå peanøtter, eller dei som allerede er rista litt og tilsett salt.
Ha dei i ein foodprosessor og miks. Dei vert først klumpete, til smular og så går dei over til å verte ein glatt, fin masse. Det kan vere du må skrapa massen ned frå sidene i foodprosessoren ein gong eller to, men det ser du. Til slutt skal han ha same konsistens som nettopp peanøttsmør. Smak til med salt, og ha på glas. Kjempefint.
Sjokoladepålegg har eg laga før, men denne er ein litt mildare variant, og så er han utan sukker. Og så er det glimrande og godt då. Sjokoladepålegget eg har bilete av her er litt mindre klissete enn eg ville hatt det, men i oppskrifta nedføre er det tatt høgde for nettopp dette. Dette er kjempegodt!
Du treng:
- peanøttsmør av 250 gram peanøtter
- 2 ms kakaopulver
- 2,5 ms flytande honning
- 2,5 ms nøytral olje
Lag peanøttsmøret som vanleg og ha i kakao, olje og honning. Smak deg eventuelt til om du vil ha meir av noko i.