Grønnsakssuppe med kyllingkjøttbollar

Ta litt grønsaker som du har i kjøleskapet. Her: Stangselleri, vårlauk, kålrabi, sellerirot, potet, lauk, gulrot, redikk, chili, rosmarin.

 

Skjær så mykje du vil ha av dei i bitar, fint med jamnstore. Kok opp vatn, gjerne med buljong.

Lag kyllingkjøtbollar av ein pakke kyllingkjøtdeig, ein lauk, eitt fedd kvitlauk, to egg, salt, pepper. Finhakk lauken og bland alt godt saman i foodprosessor. Form små bollar og steik på middels til sterk varme.

Ha grønsakene i buljongvatnet og la dei koka ferdig. La dei ha litt tyggemotstand. Ha i kyllingkjøtbollane og la dei verte varme. Ha i litt soyasaus, salt, peppar. Server.

 

4 tankar på “Grønnsakssuppe med kyllingkjøttbollar

  1. Wow!
    Slikt som dette likar eg. Gryter med mykje grønsakar 🙂 Og ikkje minst heimelaga kjøttbollar!

    Likar

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.