Eg øver meg på gjærbakst om dagen. Så tenkte eg at eg måtte læra meg å laga litt fine kanelbollar, for dei eg lagar har liksom ikkje forbedra seg utsjåandemessig frå dei greiene eg fekk med meg heim i trolldeig sidan barnehagedagane. Dei blei ikkje sjukt fine denne gongen heller for å seie det mildt, kanskje må eg slå meg til ro med rustikt/heimelaga preg (er det ikkje det det heiter når det ikkje ser strøkent ut?).
Du veit forresten at du har hatt ferie litt lenge når du set ein deig før du legg deg sånn at du kan laga ferske bollar til frukost og matpakke til kjærasten som framleis skriv eksamen. I dag har eg forresten og min fyrste arbeidsdag. Eg er himla spent!
Morten Schakenda har ei fabelaktig bok om bollar, brød og sånt som eg ønskjer meg veldig. Oppskrifta eg har brukt på kanelbollar og vanlege bollar i dag er hans og derfrå, eg har redigert ho litt etter eigne preferansar.
Deig:
- 900 g kveitemjøl (eg brukte vinjettmjøl som er vårkveite og inneheld meir gluten – det held på meir vatn enn vanleg mjøl)
- 5 dl heilmjølk, 25-30 grader
- 150 g sukker
- 150 g smør i terningar
- ein halv pakke gjær
- 1 stort egg
- 1,5 ts salt
- 1,5 ts kardemumme
- mjukt smør
- sukker, gjerne brunt
- kanel