Sjokoladefondant med is

Ein: 95 g mørk sjokolade 60-70 %, 90 g smør, 90 g sukker, 3 egg, 50 g kveitemjøl. Pisk eggedosis, smelt smør og sjokolade og rør det inn og sikt til slutt i kveitemjøl. Ha i seks smurte former eller muffinsformer og steik i om lag 7 minutt på 210 grader.

To: Ein bolle frosne jordbær, ein god skvis sitronsaft, litt sukker og ein skvett vatn. Kok sukkerlake av litt vatn og ein del sukker. Kok det til sukkeret smelter og til du har ein sirup. Ha frosne jordbær i foodprosessor saman med sitronskvisen og ha i så mykje sukkerlake at knivane i foodprosessoren går rundt. La maskinen gå til massen har blitt heilt glatt, det kan godt ta nokre minutt. Det skal verte slik:

Tre: Ha isen i ein bolle og glatt det ut, server med ein gong eller set i frysaren. Viss du set det i frysaren må du røra kvart tjuande minutt til isen har frose til for å unngå krystallar. Server i fine kuler.

Fire: Server sjokoladefondanten varm og rennande med is til og med melisdryss.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.