I dag hadde og kjærasten siste eksamen (muntleg, fekk a), og no er det altså endeleg ferie for oss begge. I praksis vil ferie innebæra at me jobbar så mykje me kan i jobbane våre, men det er godt med eit avbrot frå all lesinga. I dag er det ganske kaldt og vindfullt i Oslo, og det er ein god dag for litt innearbeid. Eg har laga kjøkkenhage (planta urter (oregano, basilikum, rosmarin og graslauk)). Kjøkkenhage er i denne samanheng hage på kjøkkenet, nærare bestemt i vinduskarmen studentskipnaden har vore rause nok til å gje oss mykje av. Godt inspirert av Sigrid. Det blir fint når dei veks til.
Elles skjønte eg plutseleg at eg ikkje har ete muffins på noko sånt som ti år. Så eg lagde muffins med vanilje og bringebær. Det kan i aller høgaste grad anbefalast.
Bringebær- og vaniljemuffins
- 2 egg
- 2 dl sukker
- 3 dl kveitemjøl
- 1,5 ts bakepulver
- 2 ts vaniljesukker
- 50 g smør
- 1 dl mjølk
- ein kopp bringebær
Pisk smøret og sukkeret kvitt. Ha så i egga, eitt etter eitt medan du rører. Ha så i halvparten av mjølet og bakepulveret og vaniljesukkeret og rør det godt saman før du har i mjølka og resten av mjølet. Ikkje rør meir enn du må. Ha bringebær i røra, og vend dei forsiktig inn. Eg hadde berre bringebær i halvparten av røra, men det var så utruleg godt at du godt kan ha i heile! Steik på 180*C i 15-20 minutt. Det vert 16 små eller 8 store. Stikk ein steikepinne eller fyrstikk i dei for å sjekka om dei er ferdige. Når dei er kalde kan du ha på melisglasur og eventuelt litt bær eller pynt eller noko på toppen viss du vil.
Ein annan verkeleg god variant er å venda inn rive sitronskal til slutt (berre det gule!), eller du kan ha i ei matskei kakao og strø sjokoladebitar på toppen. Eller du kan laga ein lekker topping på. Eit anna tips er å nytta sånne muffinsbrett, då held muffinsane seg finare og sig ikkje ut over.
Ha på ein melisglasur viss du vil, og drikk med mjølk.