SuperElin gjestebloggar:
Blomkålsuppe
- 2 ms smør
- 1 lauk, i terningar
- 1 fedd kvitlauk, most med kniveggen
- 1 ts steinsoppmjøl (sløyf viss du ikkje har)
- 2 blomkålhovud
- 1 terning hønsebuljong
- ca 7 dl vatn
- 2 dl mjølk
- 3 dl fløyte
- 50 g smør i terningar
- graslauk
- 500 g laks
- salt, pepar, muskat, sitron
Smelt smøret i ei gryte. Ha i lauk, kvitlauk og soppmjøl (soppmjøl er sopp som er tørka og så malt til mjøl i foodprosessor). Svisj dette til lauken er blank. Ha på vatn, mjølk og buljongterningen. Ta ut stilken av blomkålet, og del bukettane litt opp. Legg desse oppi gryta. La dette koka til blomkålen er møyr.
Medan blomkålen kokar tek du fatt på laksen. Del han opp i fine firkantar og legg han i 10% saltlake i 20 minutt. Sil frå laken og legg laksen i ei eldfast form. Steik i omnen ved 60oC i ca ein halv time, til laksen ”delar” seg når du trykkje på han. No er laksen saftig, møyr og full av smak (feite fiskar, som laks, kveite og makrell, smakar aller best etter eit opphald i saltlake).
No er antakeleg blomkålen møyr. Køyrer heile blanding med ein stavmiksar til ein glatt masse. Ha også i smøret når du mosar, då blir det blanda i suppa og legg seg ikkje på toppen av suppa som eit ”herleg” gult lokk. (har du ikkje stavmiksar kan du bruka ein blender.) Ha i fløyten. Finkutt graslauken og ha den i suppa. Eg brukte mykje graslauk, ettersom mor har ei kjempestor klynge i hagen, er ho glad for å få brukt det. Og ikkje minst smakar det og ser nydeleg ut. Smak suppa til med salt, pepar, sitron og muskatnøtt.
Server med foccacia og aioli/smør.