Det er ein av dei sommardagane kor me vakna av at det regna så mykje. Regnet trommar mot asfalt og tre, mot vindauga og mot dei stakkarane som var ute tidleg. Og når det regnar er det så godt med varm suppe. Ta gjerne grønsakene du har. Det aller, aller meste blir godt. Eg hadde i kålrabi, gulrøter, potet, purrelauk, stangselleri, to fedd kvitlauk, litt lauk, nokre bønner, litt linser, søtpotet, pastinakk, chili, basilikum, litt rosmarin, salt og peppar. Skrell og skjær alt i terningar og fyll opp med nok vatn til å dekka. Kok til det er møyrt.
Server med foccacia (her i miniformat) eller godt brød med smør.