Paprika og kjøttbollar

Kjærasten og eg var i Ungarn for ei tid tilbake, og det var kjempefint. Maten var eit høgdepunkt særleg eine dagen, då åt me kjøt i paprika- og tomatsaus til middag. Åhr, kor godt det var! For litt sidan fann eg bloggen til csangolicious, kor du blant mykje anna godt (og fine små historiar om maten) kan lesa om ein heil del om ungarsk mat. Godt inspirert av oppskrifta på fylt paprika og matminnet frå Ungarn fann eg fram det me hadde i kjøleskåpet som likna mest. Det var utruleg godt – og kjøttbollane var blant dei beste eg har laga (dei er ikkje så sterke som du kanskje trur. Berre gode). Biletet gjer ikkje retten rettferd – sjølv om det ser rotete ut er det verkeleg godt.

Paprika og kjøttbollar (nok til middag til meg og kjærasten i tre dagar, pluss at kjærasten kan få med seg kjøttbollar i matpakka…det er mykje mat.)

Kjøttbollane:

  • to pakkar kjøttdeig (eg brukte svinekjøttdeig)
  • to egg
  • to tørre brødskiver kverna til smular
  • 1 dl vatn
  • i underkant av to heile kvitlauk
  • 1,5 chilipeppar med frø
  • 1,5 ts salt
  • 1,5 ts peppar
  • 1 lauk
  • 2 ts spisskummen
  • ei god klype kardemomme
  • smør/olje til steiking

Sausen:

  • 2 paprikaar
  • 900 g gode og fine tomater (skjær bort stilken viss dei er store – eg brukte små tomater med nesten ingen stilk)
  • 1 boks hermetiske tomater, kræsja
  • 2 ms smør
  • 2 ts salt
  • 2,5 ts peppar
  • 1,5 ts spisskummen
  • ein halv stilk finhakka rosmarin
Potetstappe:
  • 5 poteter
  • 1 dl mjølk (du må sjå det an)
  • nokre klipp purrelauk eller graslauk
  • 1 ts salt
  • 1,5 ms smør

Sausen: Byrje gjerne med sausen. Del paprika i rause stykker og ha dei i ei gryte saman med heile småtomater og boksen med hermetiske tomater. Ha i smør og krydder og skru på middels varme. No skal det koka til tomatene har gått i stykker, til paprikaen er mjuk og til sausen har tjukna litt. I mellomtida lagar du resten.

Potetstappe: Set skrelte poteter på kok. Eg synst det er ekstra stas med potetstappe no og då, så då lagar eg det: Kok poteter, mos dei, ha i salt, smør, mjølk og la det smelta (smøret altså) før du rører det luftig. Siste delen med å ha i smør og mjølk og røring tek du sjølvsagt rett før servering.

Kjøttbollar: Finhakk lauk, kvitlauk, chili og brødskivene. Eg berre hiver lauk (delt i fire) og alt det andre i ein foodprosessor og køyrer det ganske glatt. Ha resten oppi foodprosessor og køyr til det er glatt. Lag bollar i den storleiken du synst passar, og steik dei i smør eller olje. Ha dei over i sausen og la dei koka med.

 

 

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.