Gateau-marcel-au-chocolat

Gateau-marcel-au-chocolat

 

Dette er ei veldig god, ganske imponerande og temmeleg enkel oppskrift på sjokoladekake. I tillegg er ho utan mjøl, så ho er glutenfri. Så kan du imponera dei som treng noko glutenfritt og!

Kaka er ei fransk sjokoladekake i to lag. Ho består av ein herleg sjokolademousse. Legg forresten merke til det fine blomstermønsteret på tallerkenane, dei er frå mormor.

 

Gâteau Marcel

Du treng:

  • 250 g sjokolade 65 til 75% kakaomasse
  • 250 g smør
  • 250 g sukker
  • 6 eggekviter
  • 5 eggeplommer

1)   Smelt sjokolade og smør i vassbad. Rør til det vert glatt.

2)   Pisk eggeplommer luftig saman med 1/3 av sukkeret.

3)   Pisk eggekviter og resten av sukker til marengs (det skal verte heilt heilt stivt!)

4)   Rør sjokoladesmørblandinga saman med dei samanpiska eggeplommene litt og litt. Rør så inn en 1/3 av marengsen i sjokoladeblandinga, og vend så inn resterende marengs inn med ein slikkepott.

5)   Ha litt over halvparten av i ei smurt og sukra springform og steik den på 170 grader i 25-30 min, kaken sprekker litt opp på toppen da den er ferdig.

6)   Avkjøl på rist i  ca 30 min, sett kaldt til kakebotnen er heilt kald. Ha over resten av moussen og sett i frysaren eller på kaldt til moussen har satt seg. Det tar 2-3 timer på kjøl og 45 min til en time i kjøleskåp. Kaka tåler fint å frysast.

 

Eg har servert med ein sirup av appelsin (skvis ei appelsin så du får ut all safta, kok det litt inn saman med sukker til det vert litt seigt) og med bringebærsorbet.

4 tankar på “Gateau-marcel-au-chocolat

    1. Hei Liza!!:) Det var så moro å sjå alle saman! Eg likte di:) Den er veldig enkel å laga så det er berre å prøva:)

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.