Suksesskake

Då eg var yngre var det beste eg visste «kake med gult kliss». Det var alltid tante Liv som laga kaka til familiesamankomstar, og det var så sjukt stort å koma dit og få kake. Til konfirmasjonen min laga ho ei kake med ekstra mykje «gult kliss». Eg plar sjølvsagt laga ekstra mykje fyll.

Kake med gult kliss:

Nøttebotn:

  •             4 eggekviter
  •             150 g melis
  •             150 g mandlar

Gult kliss:

  •             4 eggeplommer
  •             1 dl kremfløyte
  •             125 g sukker
  •             1 ts vaniljesukker
  •             150 g smør

Slik gjer du:

1. Bland melis og malte mandlar. Vend forsiktig inn stivpiska eggekviter. Fyll røra i ei form, 24 cm i diameter, og steik på 160 °C i 30-35 minutt. Avkjøl.

2. Rør saman eggeplommer, fløyte, sukker og vaniljesukker. Varm det opp over svak varme til kremen tjukner. Avkjøl kremen og rør inn mjukt smør. Gjerne med miksmaster, så vert det litt luftig og. Ha kremen på kakebotnen.

3. Pynt med sjokolade eller bær eller kva du vil.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.