Mor laga alltid waleskringle. Til forening, bursdagar, familietilstellingar, haustfestane i 4H og når det elles måtte trengs. Waleskringla hennar var alltid den av kakene som forsvann fyrst. Det betydde at det aldri var noko att viss foreningen fekk forsyna seg fyrst og liknande, så det gjalt å vere til stades når kaka skulle delast opp, sånn at ein fekk ein smak (men det fekk me gjerne altså). Ein kan slett ikkje legga skjul på at det var ein kamp.
Waleskringle
- 125 g margarin
- 2,5 dl vann
- 125 g kveitemjøl
- 4 små egg
Pisk egga litt. Kok opp margarin og vatn. Når vatn og margarin koker har du i mjølet og rører det saman til det samlar seg. Så rører du i egga litt etter litt medan du piskar godt, gjerne med miksmaster. Bre kringledeigen utover i kringleform med ei skei og steik i 20 minutt på 210 grader. La kringla avkjølast på rist før du har på melis med bittelitt sitron i. Klypp opp og server. Kringla er best same dag, men det går greitt for du får ete opp alt uansett.
Dette er omtrent verdas enklaste kake! (eg kallar det iallfall kake) Så enkelt å laga og så godt det smakar!
Og du har heilt rett: denne kaka minner meg om mor di, og ingen annan!
❤ kake ❤
LikarLikar