Is med mynte og sjokoladebitar

Det er sommar og ei fin tid for å laga is. Eg har alltid vore svak for after eight-is, og fann noko mynte-urtegreier eg kunne laga noko tilnærma det same med heime. Så fint. Godt vart det og. Tallerkenane og koppen er det forresten mormor som har måla. Fint kva? 🙂

  • 2 dl mjølk
  • 6 dl kremfløyte
  • nokre kvistar mynteblad
  • 4 små eggeplommer
  • 150g sukker
  • ei klype salt
  • 200g hakka mørk sjokolade
Kok opp mjølk og fløyte og ha i mynteblada. Hakk dei gjerne litt. La det trekka ein times tid. Når det har gått ein time siler du av mynteblada (kast dei) og så koker du opp fløyten att. Pisk eggeplommene med sukker og salt. Hell ein tynn stråle av fløytemjølka ned i eggeblandinga medan du pisker (roleg med hellinga, elles vert det eggerøre). Når du har blanda alt saman heller du det tilbake i gryta og varmer forsiktig opp til det tjukner. Nå har du laga smeten. La det kjølna og set i kjøleskåp over natta. Dagen etter set du blandinga i frysaren og rører inn mørk sjokolade. Rør kvar halvtime til det har stivna.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.