Rabarbrasyltetøy med vanilje og kanel

Elin gjestebloggar:

  • 1 kg rabarbra
  • 500 g sukker
  • 1/2 vaniljestong, splitta og skrap ut frøa
  • 1 kanelstong
  • evt. ½ pose certo (syltepulver)

Eg lagar syltetøy og prøver litt forskjellig. Førre omgang var med ingefær, denne gong prøver eg meg kanel- og vaniljestong. Eg brukte Tahiti-vanilje, denne er omtrent dobbelt så dyr som bourbon-vanilje. Men den har ein kraftigare stengel, og ein mykje kraftigare smak. Når eg brukar Tahiti brukar eg halv mengde i forhold til viss eg brukar Bourbon. Så då går det eigentleg opp i opp:) Dersom du har Bourbon-vanilje bruker du ei heil stong. Og hugs at både vanilje og kanel avgjer ein viss sødme. Dermed treng du mindre sukker 🙂 (ja, kokt kanel blir søt. Fyrste gong eg var med på dette var då eg gjekk i lære, og det var skikkeleg spannande – tenk at noko så bittert blir søtt ved varmebehandling!!! Matverda er full av spannande oppdagingar!) Men nok om vanilje og kanel…

Skrell rabarbraen, kutt han i bitar på ca ½ cm. Legg dei i ei gryte lagvis med sukker. Splitt vaniljestonga. Skrap ut frøa og legg det heile i gryta, saman med kanelstonga.
Kok opp, og la det småputra til det er litt most og har tjukna litt. Skum av når det trengs. Ta ein syltetøyprøve (legg litt syltetøy på ein tallerk og la det avkjøla i kjøleskap. Dersom du synst det er passe tjukt er det ferdig). Dersom du tykkjer det er litt blaut kan du enten koka lenger, eller gjera som meg; ha i syltepulver. Ha i pulveret, rør ut det ut og kok opp ein gong til.
Ha på sterile glas, (eg pleier å ha glasa i steikeomnen på 100o i minumun 10 minutt. Avkjøl og merk.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.