Langpannekake

I dag har me laga langpannekake på jobben, eg og ungane. Kaka som liksom ikkje KAN verte mislukka. Mål opp ganske nøyaktig og så gjer det ikkje såååå mykje om du pisker litt for slapp eggedosis/måler opp litt feil/må smaka opp større mengder av røra. Og sånn gjer jo ungar. I allefall dei på jobben min, og då funker det ikkje med sarte tøysekaker. Nei, gje meg ei langpannekake! Denne er forresten sjukt god og. Det er bonus:)

Verdas beste langpannekake

Kake

  • 6 egg
  • 600 gram sukker
  • 600 gram kveitemjøl
  • 2 ms bakepulver
  • 2 ms vaniljesukker
  • 4 ms kakao
  • 4,5 dl mjølk
  • 450 gram smelta smør
Glasur
  • 500 gram melis
  • 3 ms kakao
  • 5 ts vaniljesukker
  • safta av ei heil appelsin (om lag ein halv dl)
  • 175 gram mjukt smør

Pisk stiv eggedosis. Bland saman det tørre, og ha vekselvis mjølk og smør og tørrvarene i røra. Eller sleng det i når du er ferdig å måla, sånn som ungane mine gjer det…

Steik kaka på 200 grader i 30-40 minutt, nedst i omnen.

Rør smør og melis jamnt og kvitt og ha i resten av glasuren, og ha han på kaka når kaka er kald. Pynt med nonstop, seigmenn eller anna passeleg.

 

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.