Sitron- og vaniljekake for damer med cravings

Ei av damene på jobben min er høggravid, og ho seier at det er topp det, men ho har SJUKT lyst på sitronkake med vanilje – ein favoritt ho har. Så eg tenkte eg skulle overraska ho med kake, berre at eg må øva fyrst. Ho sa det var ei rimeleg gul, rund kake i eitt lag med melisglasur, med skikkeleg skikkeleg smak av både sitron og vanilje, så då har eg prøvd på det, sjølv om eg, i mangel på kakeform, måtte laga i brødform. Eg anbefalar verkeleg denne!

  • 2 egg
  • 200 g sukker
  • 200 g kveitemjøl
  • 2 ts bakepulver
  • frøa frå ei vaniljestang
  • 1 dl sitronjuice
  • 0,5 dl mjølk
  • 150 g smelta smør
  • rive skal av ei appelsin, ein lime og ein halv sitron

Pisk eggedosis og vend inn resten. Ha det i ei smurt form. Steik i trettifem minutt, nedst i omnen, til du kan stikka ein kniv i kaka utan at det heng deig att når du trekk han opp att. Set til avkjøling. Når kaka er kald vender du ho ut av forma og blandar ei blanding av appelsinsaft og sitronsaft med melis, og river litt meir skal over til pynt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.