Stian og eg har skulketorsdag og har skulka kvar vår førelesning. Sånt kan ein gjere når ein er vaksen, i allefall no og då. Og sidan torsdag er fiskedag var me innom butikken på veg heim og kjøpte fisk så me kunne laga fiskekaker. Å laga fiskekakene sjølv er ikkje særleg dyrare enn dei i butikken, men dei inneheld mykje meir fisk, og du kan ha i det du vil. Og så smakar dei betre då:) Dessutan er dei utruleg lette å laga. Eg lagar for mykje sånn at eg kan frysa ned når eg først er i gang. Det er veldig praktisk. Dette held til i allefall fira middagar for to:
Fiskekaker
- 750 gram fiskefilet – eg hadde torsk, sei og steinbit
- 2 ms potetmjøl
- 1 stort eller 2 små egg
- 2 dl fløyte
- Salt, peppar og muskatnøtt
- Graslauk eller andre urter
Alt må vere skikkeleg skikkeleg kaldt når du lagar dei, så ha alt i kjøleskåpet så lenge som mogleg. Ha så alt i ein foodprosessor og miks til det har blitt ein glatt og fin masse. Du kan ha i litt lauk eller erter eller anna viss du vil, det er berre godt! Steik i smør.
Server med kokte grønsaker og ein karamellisert lauk:
Karamellisert lauk:
- 1 lauk
- godt med smør
- 1 ms sukker
- evt. 1 ts salt