Kjøtkaker i brun saus og kålstuing

Kjøtkaker i brun saus og med kålstuing til er ganske fort og greitt å laga. Så kan du godt laga litt ekstra og frysa ned så har du hurtigmat ein annan dag eller du kan ha kjøtkaker på brødskiva. Det er og ein innertiar.

 

Kjøtkaker:

  • ein pakke kjøtdeig
  • 1 ts salt
  • 0,5 ts peppar
  • 0,25 ts riven muskatnøtt
  • 1 eggeplomme (doblar du oppskrifta tek du berre i eit heilt egg)
  • 0,5 finhakka lauk
  • 0,5 finriven rå potet
  • 0,5 ms potetmjøl
  • 2 dl mjølk
Bland kjøtdeig med krydder og bland til alt er seigt. Rør i resten. Massa skal vere glatt og smidig. Form farsen til jamne, runde kaker med ei skei eller hendene og steik i varmt smør til kakene har fått fin farge på begge sider. Dei treng ikkje vere steikte heilt gjennom – du kan trekka dei ferdige i den brune sausen.
Brun saus:
  • 2 ms smør
  • 3 ms kveitemjøl
  • 4-5 dl kraft eller vatn med buljong
  • 2 ms fløyte eller mjølk
  • krydder
Brun smøret og ha i mjølet. Rør det saman og brun blandinga, men pass på å ikkje svi det, for då smakar sausen brent. Spe med varm kraft og rør godt, la alt koka i nokre minutt så mjølsmaken forsvinn. Ha i fløyte og smak til med salt og peppar.

Kålstuing:
  • 300 g kål
  • 7 dl vatn
  • 1,5 ts salt
  • 2 dl mjølk
  • 1,25 ms kveitemjøl
  • salt, muskatnøtt, peppar
Skyl kålen og ta vekk stygge blad. Hakk kålen sånn at han vert finstrimla, og kok i salta vatn. Kok til kålen er møyr, om lag femten minutt. Hell kålen i eit dørslag og la han renna godt av seg. I mellomtida lagar du ein tjukk, kvit saus av mjølk og mjøl: Pisk saman mjølk og mjøl og varm opp så det tjukner og får kokt fem minutt så mjølsmaken forsvinn. Smak til sausen med krydder, og ha oppi kålen. Rør det saman og la alt verte varmt.
Server med poteter.

 

11 tankar på “Kjøtkaker i brun saus og kålstuing

  1. Norske kjøttkaker er toppen – men hvor er ertestuingen og rørte tyttebær til?

    Prøv å blande havregryn bløtlagt i melken – deilig!

    Likar

    1. Ertestuing OG kålstuing kan vere å ta litt i synst eg. Men samd i at ertestuing er heilt topp:) tyttebær har eg derimot aldri vore nokon fan av og sidan eg er vaksen no tillet eg meg å la det vere:)!

      Havregryn i mjølka – i kålstuingen då tenkjer du?

      Likar

    1. Om du ser på kjeldekoda så er det ikkje noko teikn på innliming frå Word. Problemet til IE-brukarane er nok noko anna (som til dømes gamal versjon av nettlesaren)

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.