Ein skulle alltid ete dessert. Det er fint for å få i seg «fem om dagen», og så er det jo godt då. Dessert MÅ jo ikkje vere kake!
Appelsindessert:
- 1,5 appelsin per person
- nokre bringebær
- 1,5 ms vaniljekesam
- 1 rute god og mørk sjokolade
Skjær den eine appelsina i båtar, hell litt bringebær over og skvis over safta av ei halv appelsin. Ha på litt vaniljekesam og finriv litt mørk sjokolade over. Topp!
Ein tanke på “Appelsindessert”