Me har mykje sånne litt sunne dessertar som ulike appelsindessertar og smoothiar, men no og då er det sjukt godt med noko som ikkje er sunt, det er jo søndag liksom!
Sjokolademousse
- 2 eggekviter
- 100 g sukker
- 150 g mørk sjokolade
- 2 eggeplommer
- 2,5 dl fløyte
Smelt sjokoladen over vassbad. Eggekvitene pisker du til luftige saman med sukkeret, og fløyten visper du til luftig krem. Plommene visper du saman og rører inn i sjokoladen. Vend så inn marengsen, og bland til slutt inn den piska kremen. Ha massen i glas og set det kaldt så det set seg før servering. Eg hadde i litt finriven sjokolade i tillegg.
Ein tanke på “Sjokolademousse”