Shakshuka

Shakshuka er fabelaktig ein rett med lauk, tomater, chili, paprika, spisskummin og egg, og nokre har og i bønner, poteter eller andre ting. Ta berre det du har. Det er visst eigentleg eit frukostmåltid, men det er heilt topp til middag. Me et dette ganske ofte, sidan det er så sjukt godt og enkelt, og sidan tomater, lauk, paprika, egg er noko av det beste eg veit og me alltid har det liggande og me av og til har eit behov for å få brukt opp restar av dette.

Shakshuka

  • ein stor lauk eller tilsvarande i små
  • to fedd kvitlauk
  • to paprika
  • ein boks cherrytomater eller andre hermetiske tomater (vel nokre gode!)
  • søte og godt modne tomater du måtte ha liggande: til dømes fem fine tomater og sju småtomater
  • 1,5 ms olivenolje
  • 1,5 ts spisskummenfrø (eller ferdig malt)
  • to-tre egg
  • litt fersk koriander (det hadde ikkje eg i dag, så det er ikkje på biletet, som skarpe lesarar kanskje vil sjå)
  • 1 ts sukker
  • salt, pepper

 

Grovhakk alle grønsakene.

Steik spisskumminfrøa i tørr og middels varm panne til dei lukter godt. Det tek nokre få minutt. Knus dei i mortar. Viss du ikkje har mortar så bruker du berre ferdig malen spisskummen, og varmar han ikkje i panna først.

Ha all lauk og olje i panna, og steik det gyllent og mjukt. Ha i spisskummenen. Deretter har du i resten av grønsakene, og let det koka til blandinga får tjukna litt. Smak til med sukker og krydder, og lag to søkk kor du har i egga. La egga koka til eggekvita er stiv men eggeplomma framleis er flytande. Strø over koriander viss du vil og server. SÅ godt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.