Makronar

Makronar: To sprø skal, luftig og seig innmat, med fyll imellom. Det handlar mest om teknikk og er ikkje så vanskeleg om ein er veldig veldig nøyaktig. Når det er sagt er dette kanskje forsøk nummer sju eller noko..:)

Makronar:

  • 120 g eggekviter (MÅ vere romtempererte – ta dei ut dagen før eller noko)
  • 35 g sukker
  • 150 g mandelmjøl
  • 150 g melis
  • 150 g sukker til sukkerlaka
  • 50 g vatn till sukkerlaka
  • evt: essens eller vanilje extract
Sjokoladefyll:
  • 150 g mørk sjokolade/kvit sjokolade
  • 1,5 dl kremfløyte
  • 2 ms smør
  • (på kvitt fyll: Litt smakstilsetting, viss du vil, til dømes pasjonsfruktsirup eller liknande)

1: Set omnen på 160 grader, og mål opp alle ingrediensane.

2:  Fordel eggekviter i to skåler. Set den eine til side medan du piskar 60 g eggekvite med ein miksar. Med ein gang det boblar heller du i 35 gram sukker.

3: Bland 150 g sukker og vatnet i ei gryte. Set på høg varme og rør. Bruk sukkertermometer, og kok til det når 118*C. Så heller du sukkerlaka i eggekvitene du pisker – pisk forsiktig og fortset å piska til blandinga ikkje kjennest varm meir. Det tek nokre få minutt. Du skal få ein mjuk og stiv marengs.

4: Bland melis og mandelmjøl i ein bolle. Du kan laga mandelmjøl sjølv ved å skolda mandlar, la dei tørka og mala dei, eller du kan kjøpa ferdig malne. Bland inn resten av eggekvitene – dei du sette til sides heilt i byrjinga. Rør det saman til ei litt tjukk røre. Her kan du ha i litt farge viss du vil. Anbefalar dei litt tjukkare konditorfargane du får kjøpt i kakebutikkar. Bruk nok, noko farge forsvinn i steikinga.

5: Bland litt og litt av den tjukke mandelmjølblandinga i marengsen. Ikkje rør for hardt, men rør det glatt. Røra skal vere litt flytande.

6: Ha røra på steikeplate. Bruk ein sprøytepose. Rundingane skal vere om lag så store som ei femkrone. Du kan bruka makronbrett, eller berre laga rett på bakepapir. La dei kvila ein halvtime på plata før du steiker dei. Dei skal glatta seg ut på toppen.

7: Steik dei i 10-15 minutt, midt i omnen. Set eit anna (tomt) steikebrett lengre ned i omnen, så sprekk dei ikkje.

8: La dei avkjøla seg på steikebrettet til dei er kalde og løsnar lett. Dei kan godt stå til dagen etter.

9: Lag fyll og ha litt fyll på ein halvdel, og legg den andre oppå. Tada! Oppbevar i kjøleskåp.

 

Sjokoladefyll:

Kok fløyte, trekk av plata og smelt i sjokoladen. Rør i smør, og la det avkjøla til det er mjukt og kaldt men ikkje hardt. Rør eventuelt inn smak eller farge. Ha det på makronane med sprøytepose.

3 tankar på “Makronar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.