Browniecookies

Det store kjeks-prosjektet går framleis sin gang, og no er det altså browniecookies som står for tur. Oppskrifta kjem herifrå, og gir seige kjeks som er aller best varme og med mjølk til. Bloggen eg fann oppskrifta eg fann dei på, fabelaktige Mat på bordet, anbefaler å laga sandwich-is med dei – legga ei kule is mellom to kjeks. Eg ser føre meg at det ville vore heilt genialt. Det fekk me imidlertid ikkje gjort, for kjærasten trengte alle saman til matpakke i dag. Det er forsåvidt greitt det.

 

 Du treng:
  • 300 gram god mørk sjokolade
  • 40 gram smør
  • 2 egg
  • 150 gram sukker
  • 2 teskeier vaniljesukker
  • 35 gram mjøl
  • 1/4 teskei bakepulver
 Pisk eggedosis av egg og sukker, gjer ein god jobb og pisk til det vert kvitt. Det tek tid:) Smelt smøret og ha i 200 gram sjokolade og la det smelta heilt. Bland mjølet, vaniljesukker og bakepulver i eggedosisen og ha så i sjokoladesmøret. Bland det i hop. Til slutt har du i 100 gram hakka sjokolade. La røra kvila i ti minutt så ho stivner litt og legg klattar på steikebrett – det skal bli rundt 24 stykker. Dei renn utover, så la det vere litt plass mellom dei. Steik midt i omnen på 180 grader på 8-10 minutt. Dei skal vere seige når dei er ferdige, så ikkje steik dei for lenge!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.