Dette er nok ei fantastisk kjeksoppskrift frå Ina på Mat på bordet. Dei er mjuke inni og best same dag, men det går greitt, for dei er veldig raske å lage og er lette å ete opp..:) Dessutan kan du gjerne frysa ned litt av deigen (gjerne i kuler) viss du skulle ville det, så tek du dei berre opp og tiner dei på steikebrett og voila, så har du nysteikte kjeks når som helst. Berre nemner det.
- 375 gram mjøl
- 1 ts bakepulver
- 225 gram mjukt smør
- 295 gram sukker
- 1 ms vaniljesukker
- 2 egg
- 0,5 dl melk
- 2 ss sukker
- 1 ss kanel
Rør smør og sukker kvitt. Bland inn vaniljesukker, egg og mjølk, og ha så i resten. Bland det godt og du skal ha ein fin og mjuk deig. Lag små kuler av deigen (det vert mange mange mange) og rull dei i ein blanding av sukker og kanel, set dei på steikebrett og steik i 8-10 minutt på 180 grader til dei er lett gylne i kantane.