Det nærmar seg verkeleg slutten av bærsesongen no, men ein kan himla gjerne fryse ned bær og så ta dei opp om morgonen og så laga dessert når ein kjem heim på ettermiddagen. Rør saman bær med litt sukker, og stivpisk krem med bittelitt sukker, det skal ikkje vere for søtt. Rør dei rørte bæra forsiktig inn i kremen og server. Det er så godt det.