Gjesteblogg: Enkel frukost – havregryn med mjølk

Stig, som er fabelaktig bra, gjestebloggar. Berre å bli inspirert her.

 

Enkel frukost – havregryn med mjølk

Eg snakkar for mange fleir enn meg sjølv når eg seier at ein frukost er viktig for å få ein god start på dagen. Diverre kjem vinsten frå frukosten først etter at han er ete. Før ein har byrja å eta er ein gjerne framleis trøytt som ein dyne og langt frå i form til å laga mat. Ein god frukost må dimed ikkje berre vere god og sunn, men også enkel nok til at han kan lagast medan ein framleis ikkje er meir opplagt enn ein sjøpølse. Denne retten er òg, som ein bonus, latterleg billeg. Verdien av havregryna er kanskje mellom to og tre kroner per porsjon, noko meir for mjølka, men det kjem retteleg òg an på kor dyr mjølk ein brukar å kjøpa.

For å lage min tilrådde rett, havregryn med mjølk, treng du følgjande:

  • Havregryn (eg nyttar som regel lettkokte havregryn)
  • Mjølk (alt frå skumma til heilmjølk kan gå)
  • Ein skål (tallerken funkar dårleg)
  • Ein skje (det er ikkje nødvendigvis umogleg å nytta gaffel eller spisepinnar, men eg går framleis ut frå at du er søvnig og vil ha det lettast mogleg)
  • Eit bord

Første steg er å setja frå deg skåla på eit bord og fylla ho opp med havregryn. Pass på at havregryna ikkje fell utanfor skåla, dei kan vera eit herk å børsta vekk frå duken.

Så fyller du skåla opp med mjølk. Ha oppi akkurat så mykje mjølk at det kan dekkje alle havregryna. Har du i for lite vil retten verta tørr og vond. Nyttar du for mykje gjer det ikkje så mykje, men du har unødig kasta bort mjølk. Men gråt no ikkje over det.

 

Lat retten stå i fred i eit minutt eller så, for at havregryna skal kunna svella litt i mjølka. Lag ein kopp te i mellomtida. En kopp varm te passar ypperlig til havregryn med mjølk.

Ein tanke på “Gjesteblogg: Enkel frukost – havregryn med mjølk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.