Det er niande desember og liksom litt på tide å få kome i gong med julegåvene. Særleg sidan me reiser heim til der eg kjem frå ei vekes tid mellom 12. og 17. desember så må alt som skal sendas vere sendt før me kan reisa. I dag har eg lagd flytande og seig karamell til bruk som karamellsaus over is, karamelltilsetting i is (kjem! himmel og hav!), fyll i konfekt og litt anna som kjem etter kvart. Karamellen held seg i nokre månadar, og er berre glimrande som julegåve i seg sjølv, eigentleg.
Salt karamell
- 240 g sukker
- 240 g glukose (kjøp på kakebutikkar i Oslo, eller matvarebutikkar med spesielt godt utval. eller apotek, men det er dyrare der)
- 360 g fløyte
- 1 vaniljestang
- 90 g smør
- 5 g maldonsalt
Smelt sukkeret på ganske høg varme, og la det bli lyst brunt, men ikkje svidd. Ha i glukose, og rør det godt saman før du avkjøler bittelitt i vassbad. Hell så i fløyte og frøa frå ei vaniljestang. Set til side og la det avkjøla seg litt før du rører i smør og salt. Hell på heilt reine små glas, og oppbevar i kjøleskåp.
4 tankar på “Karamell”