Plukkfisk

Plukkfisk er den ultimate restematen av fisk. Det er supergodt, og du berre har i det du måtte ha av resten av kokt fisk og kokte poteter, så blir det bra. Dette er heilt supert! Har du ikkje rester, så kan du berre legga terningar av fiskefilet i den kvite sausen og la dei trekka nokre minutt, så funker det og kjempegodt.

 

Dette er til fire:

  • 600 g kokt torsk utan skinn og bein, i terningar
  • 10 kokte poteter, i små terningar
  • 2 lauk, finhakka
  • 1 purre, finhakka
  • 2 ms smør
  • salt, pepar
  • bitte litt riven muskatnøtt

 

Kvit saus:

  • 4 ms smør
  • 4 ms kveitemjøl
  • 1 l mjølk

 

Start med den kvite sausen: Smelt smør og rør inn mjølet. Spe på med mjølk, litt og litt, medan du rører godt. La sausen koka i ti minutt.

Steik lauken og purren i smør til han er blank. Ha i potetterningane. Bland i den kvite sausen og fisken. Smak til med salt, pepar og muskatnøtt.

Viss du vil kan du steika bacon og servera til, det er godt! Pynt med litt av det grøne på purren. Server med flatbrød og smørauge viss du vil.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.