Kjærasten og eg har nett kome attende frå Paris, det var kjempefint. Det siste døgnet har gått med til å sova ut, påskefylla kjøleskapet og skriva ned dei finaste stadene me var og dei finaste tinga me gjorde sånn at me hugser det til neste gong me skal dit. Noko av det beste med Paris er kanskje korleis alle går rundt med bagettar, synst eg. Me åt og verkeleg mykje bagettar, så no blir det bagettbaking og surdeigsbrød framover. Meir om det kjem sjølvsagt.
Denne pastamiddagen er ein enkel og god middag med både det beste eg veit (paprika, tomater, lauk) og det beste kjærasten veit (pasta, parmesan). Det er vel verdt å prøva!
Pølsepasta:
- ei god, usteikt pølse
- ein stor paprika
- nokre tomater
- nokre stilkar stangselleri
- litt sjalottlauk
- nokre fedd kvitlauk
- litt timian
- parmesan
- pasta
- salt, peppar, olivenolje
Ta av pølseskinnet og steik pølsekjøtet i litt olje medan du hakkar det i bitar. Når det nærmar seg ferdigstekt har du i finhakka lauk og kvitlauk og steiker til den er mjuk. Ha i oppskåren stangselleri, paprika og grovhakka tomat – småtomater kan du ha i heile. Steik og rør forsiktig så det ikkje går heilt i filler og ha i finhakka timian, salt og peppar. Server med parmesan, litt meir timian og med pasta til.