Frittata er ein herleg måte å bruka opp smårestar på, einslege poteter og liknande du elles ikkje får brukt opp og sånt. Det er heilt supert. Du berre blandar middagsrestar, litt grønsaker, nokre urter, litt ost og egg og steiker til det stivner. Så kan du ha det til middag eller til lønsj med brød til eller kva som helst. Det er og godt kaldt, så det funker godt i matpakka.
Potet- og pølsefrittata:
- to sjalottlauk, hakka
- eitt kvitlauksfedd, finhakka
- tri små poteter, kokte, i skiver
- ein halv paprika, i biter
- ei tomat, i biter
- ein stilk stangselleri
- ei lita pølse
- litt timian
- salt, peppar
- parmesan
- fire egg, piska saman
Skjær opp alt og varm grønsakene og pølsa. Viss du ikkje har ferdig steikte restar, så steiker du først potetene, lauk og og stangselleri og steiker til dei er mjuke, ha i resten av grønsakene og pølse og steik til det er varmt.
Hell i samanpiska egg som du har blanda med litt salt og pepper. Klypp over litt timian og set i steikomnen på 175 grader til egga har stivna. Riv over parmesan, la det smelta og server.
2 tankar på “Frittata”