Havrekuler

Havrekuleoppskrifta har alltid vore der. Frå dei fyrste skulekjøkkentimane, frå dei fyrste jentekveldane me følte me trengte å laga snacks til, frå dei fyrste 4H-oppgåvene. Det er inmari enkelt og raskt, og du har alltid alle ingrediensane liggande. Til alt overmål smakar det ganske bra og. Etter kvart har dei blitt litt mindre søte og litt bitrare, og denne varianten er til no favoritten. God påske!

 

Du treng:

  • 100 g mjukt smør
  • 1,5 ms kvitt sukker
  • 1,5 ms brunt sukker
  • 2,5 ms kakao

  • 1 ts vaniljesukker

  • 4 ms kald og sterk kaffe
  • ei klype godt salt
  • 4 dl havregryn

 

Slik gjer du:

Rør smør og sukker kvitt, bland i resten og rull kulene i litt ekstra havregryn før du set dei kaldt, så dei stivnar litt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.