Kjøttbolleostesmørbrød

Ikkje at ostesmørbrød er noko ein treng oppskrift på, men her kjem ei likevel. Kjøttbollane er frå ein tipp topp kjøttbollar og pasta-rett me hadde i går, dei er heilt konge.

 

Kjøttbollane:

  • 400 g kjøttdeig
  • 2 sjalottlauk, finhakka
  • 2 kvitlauksfedd, finhakka
  • 0,5 finhakka raud chili, utan frø
  • 60 g brødsmular, finhakk fint brød i foodprosessor for å få det
  • 3 ms mjølk
  • salt, peppar
  • 2 ms riven parmesan

Tomatsaus:

  • 1 boks gode hermetiske tomater
  • 1 paprika, finhakka
  • 2 sjalottlauk, finhakka
  • 1 fedd kvitlauk
  • 1 ms tomatpuré
  • 1 ms olivenolje
  • 1,5 ts eddik
  • 1 ms sukker
  • salt og pepper
  • blada frå ein kvist timian og nokre blad basilikum, finhakka

Start med tomatsausen. Steik lauk og kvitlauk i olje til det er mjukt. Ha i tomatpuré og steik det litt, ha i paprika og tomater og kok saman og smak til med eddik, sukker, urter og salt og pepper. Jamn med stavmiksar.

Bland alt saman til kjøttbollane godt. Form store kjøttbollar. Steik dei i litt olivenolje og legg dei i sausen.

 

Set det saman:

Finn fram brød, set omnen på 175 grader og ha på tomatsaus og kjøttbollar som du har hakka i to-tre bitar per kjøttbolle. Ha over ost, anten norvegia eller mozzarella. Steik til osten smeltar og vert gyllen og alt er gjennomvarmt.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.