Gulrotkake

Gulrotkaka og eg festa fyrste bekjentskap i heimkunnskaptimane på barneskulen. Det me laga den gong då var ikkje imponerande greiene. Men som så mykje frå barne- og ungdomsskulen vert ting betre når du vert eldre. Det blir mindre grining fordi du raspar opp fingrane på rivgjernet. Kaka blir mindre flat. Du orkar venta til kaka er kald før du har på fyllet. Dei tinga.

Eg synst eigentleg at det er himla godt med rosiner i gulrotkake, men denne har kokesjokolade i staden, godt inspirert av mange som meiner at det er så godt. Og det var verkeleg godt med sjokolade i!

 

Litt betre enn på barneskulen-gulrotkake

  • 200 g sukker
  • 2 egg
  • 1,75 dl solsikke- eller rapsolje
  • 1,5 ts vaniljesukker
  • 1,5 ts kanel
  • ein knivsegg riven muskattnøtt
  • 1 ts natron
  • 1 ts bakepulver
  • 210 g kveitemjøl
  • 80 g hakka, mørk sjokolade 
  • 280 g riven gulrot (skrell først, mål etterpå – det du skjærer bort av skrell ol. skal ikkje reknast med!)
  • 1 eple, rive
  • finrive skal frå ein sitron (vask godt først, og kun det gule!)

 

Fyll

  • 200 g philadelphia-ost
  • 250 g melis
  • 100 g smør
  • 1,5 ms vaniljesukker
  • 1 ms sitronsaft

 

Slik gjer du:

Først av alt: Gjer alt klart. Skrell, riv og mål opp alt saman, og lag klar ei kakeform kledt med bakepapir både i botn og på sidene.

Så: Pisk sukker, egg og olje godt saman. Ha i kryddera: Vaniljesukker, kanel og muskatnøtt og rør det godt i hop!

Rør natron, bakepulver og mjølet inn. Rør ut alle klumpar, men rør ikkje meir enn du må heller.

Rør inn sjokolade, gulrot, eple og sitronskall.

Steik midt i omnen på 180 grader i 45-55 minutt. Du må følga med og sjekka undervegs.Kaka skal ikkje vere så klissete at noko heng fast i ein kniv når du sjekkar.

Avkjøl kaka i forma. Når ho er heilt kald har du ho på eit fat og har på fyllet.

 

Fyllet kan du laga medan kaka er i omnen eller avkjøler seg. Ha alle ingrediensane i ein bolle og miks det godt saman. Smak til med sitronsaft!

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.