I dag har me feira at våren og sommaren plutseleg kom. Det har vore ein fantastisk vakker dag, måtte det vara! Desse er favorittkjeksane mine i heile verda. Og dei er både raske, enkle og gode. Og så kan du laga deigen og laga ei pølse av han og legga han i frysaren – og så kan du ta han opp og skjæra i skiver og steika når du treng det. Det er skikkeleg bra. Eller så kan du berre eta opp alt, det går og an!
Oppskrifta er det finaste Elin som står bak, som ho og står bak oppskrifta eg brukar på sjokoladefondant. Dei er killergode. Som ho og er: Killergod.
Killergode cookies:
- 100 g mandlar
- 120 g smør
- 100 g kvitt sukker
- 100 g brunt sukker
- 1 egg
- 1 ts bakepulver
- 1 ms vaniljesukker av ekte vanilje
- 2 ts vatn
- 100 g sjokolade
- 4 dl kveitemjøl
- ½ ts salt
Rist mandlane i omnen ved 200oC i 10 minutt, eller til dei er gylne. Avkjøl mandlane. Hakk mandlar og sjokolade (eg liker små bitar av mandlar og store bitar av sjokolade).
Rør smør og sukker kvitt. Tilsett egg, bakepulver, vaniljesukker og salt. Bland inn hakka nøtter og sjokolade og ha i mjølet. Bland det godt og jamnt.
Form deigen til en tjukk pølse. Legg i tett plastfolie og legg i kjøleskåpet til det blir heilt kaldt.
Skjær deigen i det du synst er passeleger biter. Legg dei på en plate og trykk dei litt flate. Ikkje legg dei for tett – dei vil flyta litt ut litt.
Steik dei i om lag 15 minutt ved 190oC til dei er lett brune. Avkjøl på rist og drikk dei med mjølk.
Nååe. Søta! I mi verd er du killergod 🙂
LikarLikar