Det er kjempefint med varme rundstykker til frukost. Det står definitivt på ti på topp-lista, der oppe saman med reint sengetøy og sommarferie. Men det er jo berre det at det kan vere litt styrete å setta i gang med baking sjukt tidleg på morgonen for å ha bakverk klart til frukost… Men det er difor me har eltefrie rundstykker. Dei berre lagar seg av seg sjølv: Rør deigen kjapt saman før du legg deg, sov, hell deigen på bordet og del han i åtte, set på steikomnen og set rundstykka til etterheving i ein halvtime og ta ein dusj. Når du kjem frå badet set du dei i omnen og dei er dei ferdig steikte når du har dekt bordet. Det er overkommeleg, ikkje sant?
Eltefrie rundstykker
- 400 g kveitemjøl
- 100 g fint rugmjøl
- ei halv ts tørrgjær
- 4 dl vatn
- 2 ts salt
Rør saman det heile i ein bolle til du får ein ganske våt deig og ha plastfolie over. La det stå i 12-18 timar.
Hell deigen på eit bakepapir du har hatt litt mjøl på. Brett deigen over seg sjølv ein ti-tolv gonger og strø litt fint rugmjøl mellom for kvar gong. Deigen skal bli litt fastare, men framleis litt våt. Strekk deigen ut og skjær han i åtte. Form emna ørlite og ha dei på eit bakepapirkledt steikebrett.
Set rundstykkene et etterheving ein halvtime. Skru omnen på 220 grader og steik dei i 20 minutt til dei er lett gyldne og gir ein hul lyd når du slår forsiktig på dei.