Muffins. Eller cupcakes, for dei som er med i tida. Det er kjempesmart og veldig greitt, du kan ta dei med i handa og så blir det ikkje noko klin. Dette er blåbærmuffins med kremostglasur, og det er knallgodt, betre enn ein skulle tenka seg. Eg og nokre til laga desse på jobben i dag, til glede for både ungar og andre, det er utruleg kor godt muffins luktar når dei steiker! Det blir god stemning og godt med selskap. Som ein ekstra bonus kan ein invitera ungar og andre interesserte til muffinspynting, det er og alltid ein vinnar, ein gong på vgs hadde me muffinsfest kor me laga sjukt mange muffins med ulike smakar og pynta og pynta medan me prata og prata. Så åt me muffins til me sovna og hadde muffins til frukost.
Muffins
- 250 g smør, romtemperert
- 250 g sukker
- 4 egg, romtemperert
- 300 g mjøl
- 1 ts natron
- 2 ts bakepulver
- 2 ts vaniljesukker
- 2 dl skumma kulturmjølk
- blåbær
Varm omnen til 200 grader. Set ein haug små muffinsformer på steikebrettet, så er du klar. Rør sukker og smør kvitt. Ha oppi egga eitt etter eitt medan du rører mellom kvart egg. Rør inn skumma kulturmjølk.
Bland saman mjøl, natron, vaniljesukker og bakepulver i ein eigen bolle. Vend mjølblandinga inn litt etter litt, men ikkje rør meir enn du må. Ha dei i muffinsformer, og fyll opp til dei er litt over halvfulle. Legg to-tre-fire blåbær oppå røra.
Steik dei til dei er lett gylne på toppen og til du kan stikka ein kakepinne i muffinsen utan at det kjem rå kakedeig opp saman med han. Ta ut av steikomnen og la dei avkjøla seg nokre få minutt på steikeplata før du avkjøler heilt på rist.
Glasur
- 300 g kremost
- 50 g smør
- 250 g melis
- ein GOD skvis sitronsaft
- skalet av ein sitron, rive
- bær eller frukt til pynt
Miks saman smør og kremost på høg hastigheit i ein miksar. Rør inn melis, ein god skvis sitronsaft og riv oppi skalet av ein sitron (eller to, viss du er like glad i sitron som eg er!) og rør det kvitt og fint. Bruk ein kniv eller noko til å breia kremen over dei no heilt avkjølte muffinsane. Pynt med blåbær, eller med kiwi i tynne skiver eller noko anna godt!
Ein tanke på “Muffins”