Det er dei der bananene, då. Vanlegvis er me gode på å kjøpa berre det me skal eta og så eta det før det vert gamalt, men no gjekk det berre gale. Så fann eg oppskrifta på ei relativt sunn sjokoladekake med bananer på bloggen til Ina: Det var berre å gå på. Oppskrifta er noko justert etter eigen smak, men det er i allefall ho som står bak. Det er ei god kake! Det er ei av dei kakene du gjerne vil servera til kaffen eller tilsvarande, når ein har lyst på litt fest i kvardagen. Til fest vil eg dog framleis halda ein knapp på favorittkaka.
Ina si kvardagssjokoladekake
- 2 egg
- 2 bananer
- 75 g smelta og avkjølt smør
- 2 ms appelsinjuice
- 35 g kakao
- 1 ts natron
- 90 g sukker
- 150 g speltmjøl
- 50 g kveitemjøl
- 100 g hakka sjokolade
Rør egga godt saman og mos i bananene. Rør inn smøret. Så rører du inn resten – ver nøye så du ikkje får mjølklumpar og sånt. Det blir ei litt tjukk røre. Ha røra i ei brødform og steik på 180 grader i ca. 45 minutt. Sjekk med ein kakepinne når det nærmar seg slutten på steiketida.