Linsesuppe med pølse.

Oktober kom så plutseleg i år. Frå å vakna til soloppgang og lyse morgonar var det plutseleg knallmørkt og frost. Det kjipt. Så eg går i ullsokker og ullgenser, drikk te, forbannar trekken (blir så himla gamal når vinteren kjem) og fyser på sånn mat som du blir varm av. Som lasagne, gryterett eller som denne suppa.

Denne suppa er på grensa til å verte gryte, og ha gjerne i litte granne meir vatn eller noko mindre linser viss det virker rimeleg for deg. Eg synst denne er god når ho er litt tjukk, men det er sjølvsagt smak og behag.

 

Haustsuppe (nok til fire svoltne vaksne)

  • 3-4 rå, krydra pølser
  • 1 lauk, grovhakka
  • 3 fedd kvitlauk, grovhakka
  • 2 gulrøter, skrelt, i halvmånar
  • 2 stilkar stangselleri, i bitar
  • 1-2 cm chili
  • 2-3 dl linser, godt skylt
  • 2 laurbærblad
  • 2 boksar hakka tomater
  • 12 dl vatn
  • tre-fire nevar grovhakka mangold (eller spinat)
  • salt, peppar, fersk oregano viss du har, 
  • 1 ms sukker
  • olivenolje
  • parmesan

Ta skinnet av pølsene og steik dei i ei gryte. Hakk dei opp medan du steiker. La det bli litt steikt før du har oppi lauk, kvitlauk, gulrøter, stangselleri og chili. Steik dette i nokre minutt.

Tilsett linser, laurbærblad, tomater og vatn og la det koka til linsene er møyre.

Smak til med krydder, og ha oppi grovhakka grønkål dei siste minutta så det vert kokt, men ikkje overkokt.

Server i tallerkar: Ringle litt olivenolje over, og ha på godt med parmesan.

3 tankar på “Linsesuppe med pølse.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.