Sei og tomat

Det er lett å bli himla tradisjonell når ein skal ha fisk til middag: Trekt torsk i lettsalta vatn med poteter, gulrøter og smør eller laks med agurksalat etc. Eller fiskepakke og stekt fisk, eller kanskje fiskegrateng eller fiskekaker. Kanskje stoppar det der. Men det er jo meir enn det som er godt med fisk! Til dømes er det knallgodt med fiskegryter av ulikt slag, litt sterke tomat- og chiligryter med masse smak og krydder kan vere eit forslag. Viss du vil har du ikkje potet oppi, men couscous ved sidan av. Eller noko heilt anna.

For øvrig synst eg ein burde ete meir sei: Sei smakar knallbra. Det er godt for deg. Og så er han latterleg billig: Det er langt lågare kilopris på fersk skinn- og beinfri sei-filet enn på frosen kjøttdeig. Er ikkje det veldig rart?

Begge desse to oppskriftene held til to svoltne.

 

Fiskegryte

  • 2-3 smålauk, grovhakka
  • 2 fedd kvitlauk, grovhakka
  • 1,5 ts karri
  • 1,5 ts spisskummin
  • 0,5 ts kanel
  • 2 ts sukker
  • pepper, salt
  • 2 gulrøter, i skiver
  • 2 stilkar stangselleri, i biter
  • 1 boks hakka tomater
  • chili, finhakka
  • oregano
  • 2 poteter, kokt og i biter
  • olivenolje
  • 400 g seifilet, skinn- og beinfri
  • evt litt vatn

Skyll fisken og skjær i høvelege bitar. Viss du har tid, legg du fisken i iskaldt saltvatn i opp til ein halvtime.

Steik lauk og kvitlauk i olje til det er blankt. Ha over karri, spisskummin og kanel og surr med litt til det luktar godt. Ha i sukker og gulrøter og steik til gulrøtene er litt møyre. Ha over stangselleri.

Ha over hermetiske tomater, chili og oregano og la det koka litt. Smak til med salt og pepper. Ha i potetene og la dei bli varme. Viss sausen blir veldig tjukk må du gjerne ha litt vatn.

Ha i fiskebitane og la dei trekka til fisken er ferdig. Det er han når han flakar seg litt, det tek nokre minutt.

Ringle litt olivenolje over når du serverer, og ha gjerne parmesan til.

 

 

Sei i sterk tomatsaus

  • 400 g seifilet, skinn- og beinfri
  • 4 fedd kvitlauk, grovhakka
  • 1 raud chili, finhakka
  • olivenolje
  • 2 kvistar basilikum eller oregano
  • 1 boks hakka tomater
  • ein god neve svarte oliven
  • salt, peppar

Skyll fisken og skjær i høvelege bitar. Viss du har tid, legg du fisken i iskaldt saltvatn i opp til ein halvtime.

Steik kvitlauk og chili i olje til kvitlauken er mjuk. Ha i tomatene og kok nokre minutt. Smak til med salt og peppar. Ha i oliven og fisken og la det trekka i nokre minutt, til fisken er ferdig.

Server med poteter.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.