Spansk fiskegryte

Oktober er ein bra månad for gryter, supper, etc. Dette er ei spansk-ish fiskegryte med kreps, fisk, skjell og reker, chorizo, chili, tomat og kvitlauk. Så har eg laga couscous til i staden for ris som kanskje er meir tradisjonelt, men det var storarta.

Det funker truleg med det meste av fisk og skaldyr. Bruk det dei måtte ha i fiskebutikken din den dagen eller det du fekk på snøret.

 

Ei spansk-ish fiskegryte til tre

  • 2 sjalottlauk, hakka
  • 3 fedd kvitlauk, finhakka
  • 3/4 chili, finhakka
  • nokre ms olivenolje
  • 1 boks hakka tomater
  • nokre cm chorizo i bitar
  • 1 dl kvitvin (det går bra utan og altså)
  • 3 dl vatn
  • 1 dl hasselnøtter
  • nokre ms vatn
  • 0,5 ts anisfrø
  • 400 g breiflabbfilet, i terningar
  • 20 blåskjell
  • 4 sjøkreps, renska (kokt på førehand)
  • 20-ish reker
  • salt, pepar
  • couscos eller ris

Først av alt: Rensk sjøkreps (meir eller mindre på same måte som reker, berre ver meir forsiktig), reker og skjær fisken i passelege biter. Sjekk at blåskjella er ok. Kast skjell som ikkje er tett lukka eller lukker seg når du knakkar dei mot benken (Det er forresten ei myte at du heller ikkje skal ete skjell som ikkje opner seg – det er slett ikkje farleg, berre upraktisk. Det dei som ikkje lukker seg før tilbereding du skal prøva å unngå).

Steik lauk, kvitlauk og chili i olja til lauken er blank og mjuk. Bruk ei steikepanne med litt god plass. Ha i så mykje chili du vil, juster eventuelt ned viss du har sarte vaksne eller ungar til middag. Steik chorizoen med litt. Ha så over tomatene, vin og vatnet og la det koka 5-10 minutt, eller meir. Lang koketid gjer berre sausen betre. Dess lengre du koker chilien, dess sterkare vert maten forresten.

Mos nøtter og anisfrø i ein mortar eller foodprosessor til det berre er mjøl att. Bland i bittelitt vatn så det blir ein tjukk pasta. Bland dette inn i tomatsausen. Smak til med salt og pepar. Juster eventuelt med meir vatn viss du synst det ser hensiktsmessig ut.

Ha blåskjella oppi sausen og la dei trekka til dei opner seg. Ha over fisken og krepsen og la dei få nokre minutt til å bli klar og varme og ha til slutt i rekene, som berre treng eit kort sekund for å bli varme. Ringle eventuelt litt olivenolje over.

Server med couscous, eller ris. Eg synst det er topp å blanda couscousen godt inn i sausen. God middag!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.