Eltefrie rundstykker med krydder

Du, altså, brødmat. Personleg synst eg at brød er toppen. Det aller meste funker på brød, eller mellom to skiver, til dømes stekt fisk, kjøtkaker, omelettrestar eller du kan laga ein skikkeleg biffsmørbrød. Du kan ha med brødmat på tur, det er så praktisk og godt. Brød er godt til suppe, og restar blir knallgodt til ostesmørbrød eller arme riddarar. Det er rett og slett ein fabelaktig sak, brød.

Denne veka har Matbloggsentralen ei utfordring gåande med Raske Retter, som lagar krydderblandingar. Eg tok med meg nokre av krydderblandingane eg syntes såg best ut, og har testa desse.

Desse rundstykka er eltefrie. Det vil seie at dei krever minimalt med arbeid og utstyr å laga. Dei er knallgode og fulle av krydder og smak. Dei er skikkeleg gode berre med smør på, og til suppe, og i morgon ser eg fram til ein skikkeleg bra matpakke med noko salat og kjøtpålegg på dei.

Eltefrie rundstykker med krydder

  • 1 liter mjøl
  • 0,5 liter vatn, kaldt
  • 0,3 ts tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 1 ms flytande honning
  • 1 pakke kylling kashmir-krydderblanding frå Raske Retter.

 

Bland saman vatn, tørrgjær, begge krydderblandingane frå pakka, honning og salt. Ha så i mjølet, og rør det saman med ei skei eller sleiv til det heng i hop. Du treng ikkje tenka på elting. Deigen skal bli klissete og litt våt, det er heilt greitt. Set deigen til heving under plastfolie eller lokk i 12-18 timar.Då skal du ha fått ein deig med bobler på overflata.

Set omnen på så varmt som mogleg. Tøm deigen på ein kjøkkenbenk med godt med mjøl på, og strø litt mjøl over. Brett deigen over seg sjølv 8-12 gonger, eller så mange gonger det trengs for at han skal samla seg litt – du vil sjå at deigen blir fastare. Del så deigen i 16 emner, og brett desse og littegranne saman, eller berre sleng dei rett på ei steikeplate. Strø gjerne flaksalt over viss du vil. La dei etterheva ein halvtimes tid, og set dei midt i omnen. Skru ned til 250 grader og steik i 8-12 minutt eller til dei er gyldne og ferdige. Avkjøl på rist.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.