Speltbrød

Eg las ein stad at lukta av nybakt brød gjer folk gladare og snillare. Her har eg ikkje noko forskning å backa det opp med, men dette er noko eg er villig til å tru på uansett. No er eg midt inne i ei litt overveldande eksamenstid, og når pensum blir for stort og eg føler meg dum er det deilig å baka brød. Det er fint å ta brøda ut av omnen og føla at okei, så har eg i allefall klart noko i dag. Du veit, meistringskjensle. Dessutan smakar og luktar det så utruleg godt! (eg skar nokre skiver nesten med ein gong brødet kom ut av omnen sjølv om brødskivene ikkje blir like fine då. Derav biletet. Men det er så himla godt med varmt brød.)

I motsetnad til dei eltefrie brøda eg pleier å laga, skal dette eltast på «gamlemåten». Her kan du og få ut litt eksamensnervar viss det trengst (det trengst). Dette brødet er grovt på brødskalaen.

Legg forresten merke til kor fantastisk gulfargen på eggeplomma er! Økologiske egg frå lukkelege høner. Det er ikkje berre høner som har betre liv med betre plass osb, dei legg og overlegent best egg. Økologisk hønsehald er best for alle partar.

Grove speltbrød

  • 7 dl lunka vatn
  • 1 ms honning
  • 1,5 ts salt
  • 0,5 pakke gjær
  • 450 g sikta speltmjøl
  • 300 g finmalt (sammalt) mjøl av spelt
  • 250 g grovmalt (sammalt) mjøl av spelt

Bland vatn, honning, salt, gjær saman, og ha i mjølet. Elt godt og lenge. Set til heving i ein times tid.

Bak ut to brød, ha dei i brødformer, og la dei etterheva i tre kvarter.

Pensle med vatn og skjær nokre hakk i brøda. Steik på 200 grader i ca 45 minutt. Avkjøl på rist.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.