Eg verkeleg elskar gryter av denne typen. Det er så utruleg godt. Her er ei lammegryte – kjøp berre noko kjøtt, gjerne billig og seigt, og kok det lenge nok, og ha i grønsaker undervegs etter kor lenge dei skal koka. Blir knallbra! Dette hadde eg i sist eg laga gryta:
Lammegryte
- 1 kg lammekotelettar
- 5 gulrøter (ikkje ta dei største dei har, då)
- 200 g erter
- 1 stor lauk, grovhakka
- 3 smålauk, skrelt
- 1 laurbærblad
- 2 stilkar timian
- 2 fedd kvitlauk, grovhakka
- salt og peppar
- litt olje til steiking
- vatn
Varm gryta med litt olje i, og brun lammekotelettane. Ha i lauken og la han bli mjuk og bittelitt brun. Ha så i gulrot, og hell vatn over til det såvidt dekkjer. Ha oppi laurbærblad og timian. Kok opp. Skum av.
Kok nokre timar, til kjøttet er møyrt. Smak til – det er ikkje sikkert du treng noko salt eller peppar, men kanskje gjer du det. Ha i erter, og server med ein gong dei har kokt i eitt minutt. Fisk opp timiankvistane og laurbærbladet. Server med brød og ein god eplejuice, for eksempel.