Baconpannekaker er ein heilt okei måte å starta dagen. Me har det av og til i helgene, kjærasten er så inmari glad i både bacon og pannekaker, så det er ingen grunn til å la vere då liksom! Det er jo ikkje veldig på moten med sånn type mat, men det får vere greitt. Det er jo så godt. For øvrig er desse pannekakene suverent best om du steiker dei i jernpanne, det blir noko heilt anna. (eg har for ikkje lenge sidan fått ei lita jernpanne frå far, det er min nye favorittgreie på kjøkkenet, har brukt alt for mykje tid på å tru at dei lette, slip-off-pannene er dei beste, men seriøst – ei gamal, tung jernpanne er fantastisk. Særleg til sånt som pannekaker.
Eg lagar alltid pannekaker ganske på slump, men dei her er om lag slik:
Baconpannekaker til to (som blir alt for mette)
- 3,5 dl kveitemjøl
- 5 dl mjølk
- 1 ts bakepulver
- 3 egg
- litt salt
- bacon
Rør egga godt saman før du tilset mjølk, mjøl, bakepulver og litt salt. Rør ut klumpane, men ikkje rør meir enn du må, for då blir pannekakene seige. La røra kvila ein halvtimes tid. Steik baconet medan du ventar, og legg det til side. Steik så pannekakene på middels varme med ei skive bacon i kvar. Steik eventuelt i litt smør, viss det trengs.