Kjærasten og eg har vore nokre dagar i Paris, og mellom anna vore i nokre kjøkkenutstyrbutikkar som var heilt supre. Dei var typisk sånne stadar som mrs Weasly ville ha handla kjøkkenutstyr. I ein av dei kjøpte eg ei sånn kakeform med hol i midten, ei sjukt fin og litt tung i messing. Me hadde og ein del sitrondessertar, og nokre killergode muffins med sitron og valmuefrø. Det er ikkje rart, det er strålande. Lovar.
Sitron og valmuefrøkake
- 150 g sukker
- finrive skal av to sitronar
- 190 g mjukt smør
- 3 små egg
- 1,5 ss valmuefrø
- 220 g mjøl
- 1,5 ts bakepulver
- ca. 80 g sitronsaft
Smør ei form godt med smør og dryss ho med mjøl. Skru omen på 180 grader og set eit brett nest nedst i omnen.
Bland sitronskalet i sukkeret og rør det godt saman. Rør smør og sitronsukker kvitt. Ha i eitt og eitt egg og rør godt mellom dei. Ha i valmuefrøa.
Bland mjøl og bakepulveret saman i ein bolle. Bland så inn halvparten av mjølet, halvparten av sitronsafta og så resten av mjølet og sitronsafta. Rør det saman til ei tjukk røre.
Ha det over i forma og steik i ca 40 minutt til ein kakestikkar kjem rein ut når du sjekker om kaka er stekt nok. Avkjøl ti minutt i forma, på rist, og så på rist utan form resten av tida. Avkjøl heilt før du har på glasur.
Bland ein glasur av melis og eggekvite med litt sitronsaft, og riv litt sitronsaft over viss du vil.