Grapefruktkake og vaniljeis

På jobben er det syriner over alt, så eg går rundt og luktar på dei heile dagen. Det lukter syriner over alt kor eg går. Det er heilt vilt. Og så har eg av og til med meg grapefrukt som lunsjdessert, og lukta av grapefrukten mot syrina – ja, berre FARGANE på grapefrukt og syrin saman – er fantastisk. Det er heilt vidunderleg.

Eg har drøymt om syrin-is og grapefruktkake skikkeleg lenge no. Men enn så lenge har eg ikkje klart å laga ei god syrin-saft av noko slag som funker. Så då blei det heimelaga vanilje-is med lunka grapefruktkake til dessert. Det er og fullstendig innføre (eg verkeleg elskar kor godt det luktar med nybakt grapefruktkake).

Det er forresten ikkje så store mengdene is i oppskrifta. Eg laga berre litt lite sidan kjærasten og eg berre er to og det frys fortare om ein lagar berre litt. Men om ein uansett berre skal ha ei lita kule til kvar ved sida av eit lite, lunt kakestykke, så er det her meir enn tilstrekkeleg for fire personar. Du har til og med nok til litt i kaffien etterpå. Avgjer sjølv om du trur de treng meir, doble eventuelt oppskrifta.

 

Grapefruktkake

  • 125 g smør, romtemperert
  • 190 g sukker
  • zest av ein grapefrukt (vask han godt først)
  • 150 g lettrømme
  • 3 egg
  • 3 ss grapefruktjuice
  • 190 g kveitemjøl
  • 1 ts bakepulver

Rør grapefruktzest, smør og sukker kvitt. Rør inn rømme og rør egga godt inn eitt etter eitt, og så grapefruktjuice. Til slutt rører du inn bakepulveret, og så kveitemjølet. Ikkje rør meir enn du må når du har hatt i mjøl.

Ha det i smurte former. Steik på 175 grader i ca. 35-40 minutt. Sjekk med ein kakestikkar at kaka er gjennomstekt.

Avkjøl i forma i ti minutt, og avkjøl på rist til ho er heilt kald, eller server lunka (det er sjølvsagt best!)

 

Vaniljeis

  • 3 dl kremfløyte
  • 1,5 dl mjølk
  • frøa frå ei vaniljestang
  • 2 eggeplommer
  • 90 g sukker
  • ei klype salt

Varm opp fløyte, mjølk og vanilje til det nesten kokar og trekk det til side. Pisk saman eggeplommer og sukker og litt salt. Ha oppi ei og ei skei av den varme fløytemjølka oppi eggedosisen, og rør jamnt heile tida. Når du har hatt oppi ca. 10 skeier heller du oppi resten i ein tynn stråle medan du piskar heile tida. Hell attende oppi gryta, og varm det opp til blandinga tjuknar. Ver litt forsiktig når du nærmar deg 75-77 grader, for blandinga kan bli eggerøre viss det blir for varmt. Du skal opp til 77-78 grader – då tjuknar blandinga og blir som vaniljesaus i konsistens. Avkjøl.

Hell blandinga i ismaskin og følg anvisningane frå denne, eller ha i frysaren. Viss du har han i frysaren må du røra kvar halvtime til isen er hard – då får du best resultat.

 

IMG_1512b

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.