Byggrynsgraut

Byggrynsgraut er heilt vilt godt. Eg mistenkjer det er litt sånn som med sei: Det er for billig til at folk trur på at det er bra mat. For det er det: Det er sunt, godt og særdeles billig. Sjølve grauten får store, mjuke korn, det er ein ganske søt graut med litt nøtteaktig smak. Eg liker å eta grauten med grapefrukt til, eller litt fenalår eller anna saltmat, eller berre med kanel og sukker og litt smør.

 

Byggrynsgraut

  • 2 dl byggryn
  • 6-7 dl mjølk
  • ei klype salt

Legg byggryna i vatn natta over. Kok dei så opp saman med mjølka, og la det koka i 20-40 minutt, alt etter kva type byggryn du har kjøpt og kva du liker best sjølv – eg synst 25 minutt er peeeeer-fekt. Når du har kokt grauten nok er gryna møyre og grauten har tjukna. Smak til med salt, og server med kva enn du vil.

 

IMG_1491

4 tankar på “Byggrynsgraut

  1. Hei Liv 🙂

    Så fin blogg du har, du er så flink!
    Lurer på hvor mange porsjoner denne oppskriften gir, sånn ca?

    Likar

  2. For en blogg! Deilige oppskrifter!
    Jeg elsker byggrynsgrøt; jeg er fra Tyskland og det er veldig uvanlig med grøt, så byggryn er den eneste typen jeg liker nu at jeg bor i Norge (er bare ikke vant til konsistensen). Jeg lager den med litt honning og kanel i, men jeg skal prøve din versjon med bare salt i helga. Ser kjempegodt ut med fersk frukt.. 🙂

    Likar

    1. åhr, takk! 🙂 så deilig med honning og kanel! det må eg prøva! kokar du det med honning og kanel, eller har du det oppå til slutt?

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.