Frukostblanding

Ville livet ditt ikkje vore enklare utan ekle bitar av tørka papaya og banan i frukostblandinga di? Ikkje sant! Det er så mange som har så dårleg smak som lagar frukostblandingane i butikken. Dette gjer me betre sjølv. Kanskje er du ein av dei som liker hasselnøtter skikkeleg godt, og då bruker du det. Kanskje liker du ikkje rosiner (høyrt sånne folk finst), og då tek du dei ut. Du er smart, du skjøner teikninga.

Dette er min favorittfrukostblanding.

DSC_9456

Frukostblanding for to veker for to personar

  • 2 dl rugflak
  • 5 dl store havregryn
  • 6 dl små havregryn
  • 250 g mandlar
  • 4 dl rosiner
  • 200 g graskarfrø
  • 1 dl solsikkefrø
  • 3 dl linfrø

DSC_9461Mål opp alt du vil ha i. La deg eventuelt riva med! Sleng i gode frø og sånt du har liggande!

Ha mandlene i steikomnen på 200 grader i ca 10 minutt til dei lukter godt. Ikkje brenn dei! Avkjøl bittelitt før du grovhakker.

Ha alt det andre unntatt rosiner i ei langpanne og rist dei til dei blir lett gyldne og luktar litt godt. Rør litt ein gong eller to undervegs. Følg med, ikkje brenn dei! Tek ca. 10 minutt.

La alt avkjøla og bland med rosiner.

Server med mjølk/youghurt/juice og fersk frukt eller bær.



DSC_9464

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.