Pepperkaker

I jula treng ein pepperkaker. Så finst det så mange der ute som ikkje er gode, men somme er verkeleg bra! Desse er litt mjuke og smakar herleg av julekrydder. Deigen er dessuten veldig god å jobba med – kakene er over fleire år testbaka med ei rekkje ungar (og vaksne og for den del). Anbefalast på det varmaste.

DSC_9675

  • 250 g sukker
  • 2 dl sirup
  • 1 ss kanel
  • 1,5 ts malt ingefær
  • 1 ts malt nellik
  • 1 ss natron
  • 250 g smør
  • 2 egg
  • 750 g mjøl

DSC_9679Kok opp sukker og sirup forsiktig og rør inn kryddera. Rør så inn natron (dette vil brusa litt, så ha stor nok kjele!)

Hell blandinga over i ein bolle kor du har lagt smøret. Dette må rørast saman, rør jamnt heile tida til alt er ein romtemperert deig.

Rør saman egga i ein kopp og ha dei i deigen. Rør saman.

Rør inn mjølet litt etter litt. Kjenn om du kanskje treng litt meir – du skal kunne baka med deigen.

Set deigen kaldt, helst over natta, i alle fall i eit par timar.

 

Kjevle ut deigen med litt mjøl og stikk ut former. Steik på bakepapirkledt steikebrett i 7-10 minutt på 210 grader. Dei er mjuke når dei kjem ut frå omnen, så la dei avkjøla seg litt på brettet før du legg dei over på rist. Når dei er heilt kalde kan du pynta dei.

 

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.