Madeleiner

Madeleiner er bra fordi: Du får små kaker du kan ete med hendene, server dei med ein serviett så blir du helten i kollokviegruppa di. Eller du kan servera dei til kaffimaten eller dessert nystekte. Ingenting feil med det heller!

 

Madeleiner med rips eller sjokolade

  • 3 egg
  • 130 g sukker
  • 200 g mjøl
  • 10 g bakepulver
  • rive skal av ein litt stor sitron (økologisk. Hugs å vaska sitronen!)
  • 20 g honning
  • 4 ss mjølk
  • 200 g smør, smelta på låg varme og avkjølt
  • rips/ei halv rute sjokolade

 

Smelt og avkjøl smøret. Bland mjølk og honning i mjølka.

Pisk egg og sukker luftig. Ha i rive sitronskal.

Bland den avkjølte smørblandinga i eggeblandinga.

Tilset bakepulveret og mjølet litt etter litt i blandinga. Rør ut klumpane, men ikkje rør meir enn du må heller. Set røra i kjøleskap nokre timar, eller over natta.

Smør formene. Fyll dei med om lag 1 ss røre – dei skal bli ca 3/4 fulle. Trykk nedi eit par ripsbær eller litt sjokolade.

Steik dei slik:

195 grader i 5 minutt, skru av omnen og steik i 1 minutt til, skru omnen på 160 grader og steik i 160 grader i 5 minutt. I alt skal dette bli 11 minutt på ulike temperaturar.

Avkjøl littegranne i forma til kakene er kalde nok til at du kan handtera dei, så har du dei over på rist og vasker forma, så du kan steika fleire madeleiner.

 

Dryss gjerne litt melis over før servering!

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.